Stor deltaking på Ribberennet 3. juledag

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Des 2007

Resultatliste finn du her: Ribberennet 27.12.07


Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av anlegget ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Des 2007

Det er flotte forhold i løypene, så bruk jule- og nyttårshelga til å koma deg ut på ski. Sjekk løyperapporten under løypenett i venstremenyen for å sjå kva løyper som er preparert. 3. juledag går det tradisjonsrike "Ribberennet" av stabelen. 


Resultat frå Ål-rennet 9. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Des 2007

Her er resultatliste frå Ål-rennet i fristil: Ål-rennet 09.12.07


Vel blåst - Bendit Liatoppen skiskytterfestival

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Nov 2007

Då er årets skiskytterfestival historie og deltakarane på veg heim. Me hadde over 900 deltakarar i konkurransane laurdag og litt mindre på søndag. I Gildestafetten på fredag deltok 135 lag. Som arrangør har Ål skiskyttarlag og Liatoppen skisenter sett ny verdsrekord i talet på deltakarar nok ei gong.

Ta ein tur innom nettsidene til arrangementet og sjekk fotogalleriet for å friske opp minnene om årets festival.



Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Okt 2007

 


OVERNATTING NM JUNIOR

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Okt 2007

Her finn du aktuelle overnattingsstader med ledig kapasitet under Junior-NM og elles nyttig informasjon om Ål:

 

Bergsjøstølen
Fjellstue med hotellkomfort i Bergsjøområdet

Nordheim Fjellstue
En familieeid bedrift som ligger på fjellet i kort avstand til Bergsjøområdet.

Copyright Skarslia Apartment

Skarslia Apartment
Hytter og leiligheter i Bergsjøområdet

Copyright Thorgeir Røer Rødungstøl Høyfjellshotell
Rødungstøl - hotellet i Bergsjøområdet

Best Western Eidsgaard hotell - Gol
Førsteklasses service i lune omgivelser

Pers Resort - Gol
Reisemålet som gir de beste opplevelser og den mest innholdsrike kvalitetstid for alle

 

Ål Turistinformasjon - Velkommen til Ål!

Ved turistkontoret får du informasjon om alt det Ål har å by på. Klikk her, eller ring 32 08 10 60.

Sjå den nye vinterbrosjyren for Ål her."

 

 



Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2007

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Apr 2007

Vergudane viste seg frå si beste side under Bendit Liatoppen Skiskytterfestival i helga. Ål skiskyttarlag gjennomførte arrangementet på ein slik måte at mange ønskjer seg nok attende neste år.

Det er flott å arrangere skirenn i sommartemperatur. Både løparar, foreldre, leiarar og arrangørar stråla om kapp med sola alle dagane. Fredag fekk me mange fine duellar i stafettane. Litt problem med dataanlegget (ikkje utan grunn sidan det var fredag 13.) gjorde at resultatlistene kom seint, men deltakarane venta tålmodig. Laurdag gjekk etterkvart det meste på skinner frå arrangøren si side, og sundag vart eit fint punktum for årets arrangement.

Resultat frå arrangementet finn du her:

Gilde-stafetten 13.04.07
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 14.04.07
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 15.04.07 - sprint
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 15.04.07 - jaktstart

Liatoppen skisenter ønskjer alle deltakarar velkomen attende neste år!

Folksomt på standplass under innskyting

Vinnar av klasse gutar 12 år sundag - Lars Aa Svaland, Birkenes IL

Full innsats mot mål! Sivert Fenne, Voss SSL og Torjus Erlendsson Urke, Ål SSL

Det gjekk med tre tonn med frukt frå Bama i løpet av helga

På startstreken under sundagens jaktstart

To godt nøgde karar sundag ettermiddag. Til venstre løypesjef og leiar i Liatoppen skisenter Kåre Hagen og rennleiar Arnstein Sørbøen



Liatoppen skisenter klar til å ta imot storinnrykket til helga!

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Apr 2007

Det er berre 4 dagar til startskotet går for Gildestafetten i skiskyting på fredag. 132 lag er påmeldt! Laurdag og sundag held arrangementet fram med Bendit Liatoppen skiskytterfestival, der over 700 deltakarar stiller til start kvar dag.

Det byrjar å bli vårleg i lågareliggjande strok i Norge, og for mange er det kanskje vanskeleg å forstå at på Liatoppen, 930 meter over havet, er det framleis vinterleg. Her er nokre bilete teke i ettermiddag. Det var null grader og 10 cm nysnø i løypene. Været har vore kaldt for årstida den siste veka, og med nysnøen det siste døgnet, bør alt liggje til rette for gode forhold i løypene.

Det er meldt varmare vær frå torsdag, men det er ingen fare med skiføret. Sjekk værmeldinga - følg linken i venstremenyen på nettsidene våre.

Skisenteret ser fram til å få testa den nye stadion etter utbygginga i haust. Den fungerte bra under Kvalfoss-sprinten i januar som vart flytta frå Holmenkollen til Liatoppen. Arrangementet til helga blir likevel ein god del større og byr på fleire utfordringar.

Me ønskjer alle deltakarar, leiarar og foreldre hjarteleg velkomen til Liatoppen skisenter og håpar alle får ei triveleg helg!



Resultat frå klubbmesterskapet til Ål IL 29. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Mar 2007

Ål IL - langrenn arrangerte torsdag klubbmesterskapet på Liatoppen. Her er resultatlista frå rennet som gjekk i klassisk på eit svært skarpt føre: Klubbmesterskap Ål IL 29.03.07


Ny tråkkemaskin til skisenteret

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Mar 2007

Nyleg vart ny tråkkemaskin levert til Liatoppen skisenter. Den gamle maskina hadde vore i drift sidan 2000 og for å kunne ha ei stabil drifting av løypenettet er det naudsynt med utskifting til nyare materiell.

Kåre Hagen framom den nye maskina.

Den nye tråkkemaskina er av same type som den gamle, Kässbohrer PistenBully 100. Hovudforskjellen er ei arbeidsbreidde på 3,1 m mot 2,8 m på den gamle. Motoren er noko større og har 177 hk. Frontskjæret kan regulerast i 12 retningar. Ei finesse på den nye maskina er innlagt varme i vinduspusserane, noko som vil betre sikten i vanskelege værtilhøve. Prisen for vidunderet er kr 1.225.000, og er i hovudsak finansiert over drifta av anlegget. Den gamle maskina hadde ein innbyttepris på kr 600.000. Løypekøyrarane Kåre Hagen og Svein Åsmund Tveito ser nok fram til mange flotte dagar bak spakane i vidunderet, og me som er glade i gå på ski, kan glede oss over fine skiløyper komande vintrar.



Resultat frå klubbmesterskapet til Ål skiskytterlag 20. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Mar 2007

44 deltakarar stilte på klubbmesterskapet. Resultatlista finn du her: Klubbmesterskap Ål SSL 20.03.07


Resultat frå Ålrennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Mar 2007

Resultat frå Ålrennet 11.03.07


Resultat frå Showrennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Mar 2007

Resultat frå Showrennet: Showrennet 2007


Tredobbel rennhelg på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Mar 2007

Fredag kveld arrangerer Torpo IL sitt showrenn med fellesstartar og korte rundar. Laurdag arrangerer Ål IL Bergsjørennet som startar på Bergsjøstølen og har mål på Liatoppen. Ein flott tur i skikkeleg fjellterreng. Søndag blir helga avslutta med vanleg langrenn på Liatoppen. Arrangør er ÅL IL også denne dagen. Her er innbydinga til alle arrangement denne helga: Invitasjon skihelg 2007. Her ligg Startlister Ålrennet

Laurdag 10.03.07 måtte vi dessverre avlyse Bergsjørennet. Det vart for dårleg vær.

Bergsjørennet , laurdag 10.mars 2007.

Verutsiktene for Bergsjørennet er ikkje dei beste. Det er meldt vind opp mot kuling styrke på laurdag.

Rennet blir ikkje avlyst, men om veret gjer det uforsvarleg å starte frå Bergsjøstølen, vil start og innkomst bli på Liatoppen skisenter

Me vil også gjere merksam på det som står i innbydinga om klassesamanslåing:

Dersom ei klasse har 3 eller færre deltakarar, vil me slå saman 5-års klassar til 10-årsklassar (ref.skiforbundet sin regel 381.7.2.3).



Resultat frå Gaurhovdrennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2007

Resultat frå Gaurhovdrennet: Gaurhovdrennet 25.02.07


Skirenn på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Feb 2007

Etter ei liten konkurransepause på Liatoppen går det no mot eit par helgar med mykje aktivitet i anlegget.

Den 25. februar arrangerer Torpo IL det tradisjonsrike Gaurhovdrennet som har start og mål på Liatoppen. Turrennet har både trim- og turklassar. Turklassane går frå 16 år og oppover. Stilarten er klassisk. For meir informasjon, sjå påmeldingssida.

Samstundes med turrennet er det landsrenn for klassane 7-16 år på Liatoppen. Det er klassevise fellesstartar og stilarten er klassisk. Meld deg på her.

To veker seinare er det konkurransar heile helga på Liatoppen. Fredag kveld arrangerer Torpo IL sitt showrenn med fellesstartar og korte rundar. Laurdag arrangerer Ål IL Bergsjørennet som startar på Bergsjøstølen og har mål på Liatoppen. Ein flott tur i skikkeleg fjellterreng. Søndag blir helga avslutta med vanleg langrenn på Liatoppen. Arrangør er ÅL IL også denne dagen. Her er innbydinga til alle arrangement denne helga: Invitasjon skihelg 2007.



Skiskyttarhelg på Liatoppen - SpareBank 1-cup

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Jan 2007

Den første helga i det nye året (6. og 7. januar) var det storinnrykk av skiskyttarar på Liatoppen.

Ål skiskyttarlag og Bromma IL arrangerte 2. og 3. renn i SpareBank 1-cupen i skiskyting med deltaking frå både aust- og vestlandet. Rennet sundag hadde innlagt KM normalprogram for Buskerud. Her er resultat frå dei to konkurransane:

SpareBank 1-cup 06.01.07
SpareBank 1-cup 07.01.07

Rennet skulle opprinneleg vore arrangert av Simostranda IL og Lier IL på Simostranda, men på grunn av snømangel vart renna bytta om slik at Ål/Bromma sine renn i slutten av mars blir lagt til Simostranda i staden.