Resultatlister SpareBank 1 Cup i skiskyting 2. og 3. januar

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Des 2015

På laurdag deltok 272 løparar på sprinten som også var KM for Buskerud for 13 år og eldre. På sundagens stafett deltok 42 lag. Dette var også KM stafett for 13 år og eldre. I tillegg var det 23 deltakarar i nybegynnerklassane.


Resultatlister:

Sprint laurdagpdflive
Sprint sundag - nybegynnerklassarpdflive
Stafett sundagpdflive

Liveresultat inneheld ikkje evt. tillegg i tid ved regelbrot.




Resultatliste for Ribberennet 2015

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2015

Heile 428 deltakarar gjennomførte årets Ribberenn på Liatoppen 28. desember. I kaldt vintervær, men med nok snø, fekk mange gjennomført eit etterlengta skirenn. Dagens raskaste på herresida vart Pål Golberg frå Gol IL med junioren Aleksander Fjeld Andersen 24 sek. bak. Av damene var Karoline Simpson-Larsen som representerer Vargar IL/Vossalangrenn den raskaste på 10 km.

Ribberennet 2015.PDF




Rekordpåmelding til Ribberennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Des 2015

Heile 486 påmeldte til årets Ribberenn på Liatoppen. Dette er deltakarrekord. Me ønskjer Torpo IL og alle deltakarar lykke til med rennet!


Her er startlista i pdf-format: Startliste Ribberennet 2015



Flotte skiforhold på Liatoppen (23.12.15)

Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Des 2015

Etter alt mildværet siste tida ser det no ut til at skiføret i julehelga så langt er redda. Med 5 cm nysnø sundag kveld og nye 10-15 cm i går kveld, er no nesten heile løypenettet preparert. Dermed er det ingen grunn til å sitje inn i julehelga, men heller ut og prøve skia innimellom julematen.

Liatoppen Skisenter ønskjer alle brukarar av løypenettet ei riktig god jul!





Komande renn på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Des 2015

I romjula og i nyttårshelga blir det arrangert 3 konkurransar på Liatoppen. 28. desember arrangerer Torpo IL den tradisjonsrike "Ribberennet". Rennet går i fristil og samlar deltakarar frå både aust og vest. Meir informasjon om rennet på Torpo IL si heimeside eller facebook.

Påmelding til Ribberennet gjer du her: Ribberennet 2015


I nyttårshelga arrangerer Ål skiskytterlag i saman med Bødalen IF og Drammen Strong 2 renn i SpareBank 1-Cupen i skiskyting. 2. januar står sprint på programmet, medan det er klubbstafettar 3. januar. Det er også innlagt KM for Buskerud i desse renna. Meir informasjon om renna på Ål skiskytterlag si heimeside.

Påmelding til SpareBank 1 Cup, individuelt
Påmelding til SpareBank 1 Cup, stafett


Velkomen til Liatoppen!



Skiløyper i helga (20.11.15)

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Nov 2015

Fine skiforhold i fjellet. Ved Hellebu.

Denne helga er 5 kilometeren i lysløypa på Liatoppen preparert for skøyting. Frå Tormodset til Haugestølen er det maskinpreparert for klassisk og skøyting i vegen. Parkering ved vinterparkeringa på Tormodset. Biletet er tatt i dag på Hellebu.

God tur!



Ny konkurranseløype til årets sesong

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Nov 2015


Til årets sesong står ein ny 5 kilometer klar til bruk. Arbeidet med denne har pågått dei 2 siste somrane og før den første snøen kom låg løypa ferdig og nysådd. Løypa tek av frå eksisterande løyper etter ca. 500 meter og går ut til høgre og ned i lia mot Svartetjørni. Vidare går den opp frå Svartetjørni og innom heimstølen Selsslettan før den kjem inn på eksisterande trase i løypekrysset ved Sletthovdun. Traseen er grave ut med maskin og breidda er 12-14 meter for å tilfredsstille krava til både NM og internasjonale renn. Den nye løypa har ein krevjande profil som vil utfordre både topp og breidde.

For å få til denne nye løypa har grunneigarane Odd Runar Knutsen, Odd Kåre Skjervheim og Eilev Sørbøen velvillig stilt sin grunn til disposisjon. Maskinarbeidet er utført av entreprenør Einar Medhus. Eigarlaga (Fjellet IL, Torpo IL, Ål IL og Ål skiskytterlag) har i tillegg til skisenteret sin dugnadsgjeng lagt ned om lag 500 timar med dugnad i løypa.

Bilete frå arbeidet med ny 5 km

Ein del av utbyggingsprosjektet har også vore utbetring av stadion. I fjor vart det gjort mykje arbeid bak Nilsehaugen for å tilpasse skiløypa til den nye hytteparken Liapark som ligg like inntil skiløypa. I tillegg vart løypa lagt over Nilsehaugen for å gje meir motbakkar inn mot mål. Her vart maskinarbeidet utført av Oddvar Øygard AS.

Bilete frå arbeidet rundt Nilsehaugen.

Prosjektet med utbetring av stadion og ny 5 km har kosta om lag 2,1 mill. kroner som blir finansiert med tippemidlar, kommunale midlar og eigeninnsats.

Etter ombygginga vil skisenteret ha 3 ulike 5-kilometerar som kan nyttast til skirenn. Dette gir god fleksibilitet og gjer at Liatoppen kan tilby gode løyper til store nasjonale renn. Løypenettet inneheld løyper frå 0,5 til 10 kilometer og vil etter denne utbygginga bli resertifisert av det internasjonale skiforbundet FIS.




Skisesongen er i gang på Liatoppen!

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Nov 2015

Etter snøfallet i går (16. november) er det no mogeleg å gå på ski på Liatoppen. Det er 15-20 cm snø i området. Heile lysløypa på 9 km er maskinpreparert for skøyting, men det vil vere noko gras og kvist i løypa til det kjem endå meir snø. Det er lurt å bruke ski som ein ikkje er redd for no i starten av sesongen.

God tur!



2000 km med langrennsløyper i Hallingdal

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Okt 2015

Løypenettet på Liatoppen/Votndalsåsen er ein del av Hallingdal sitt omfattande løypenett. Det er no utarbeidd ei brosjyre med informasjon om eit av Europas beste langrennsregionar. Last ned brosjyren her.










Langrennsglede

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Okt 2015

Ål Utvikling har laga ein flott film om det godt utbygde løypetilbodet i Ål kommune. Sjå filmen her:










Nye nettsider

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Aug 2015

Liatoppen skisenter er i ferd med å flytte nettsidene til ei ny løysing. Målet er at brukarane skal kjenne seg att frå dei gamle nettsidene, men nokre endringar vil det bli. Arbeidet vil pågå utover hausten, men dei nye sidene skal vere fullt oppe og gå før skisesongen startar.


Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2015

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Jul 2015

Festivalen vart arrangert 10.-12. april og hadde i år 1100 deltakarar i alderen 8-16 år frå Norge, Sverige, Tyskland, Frankrike og Tyrkia.

Meir informasjon om arrangementet på festivalen si heimeside:

Bendit Liatoppen skiskytterfestival


Bergsjørennet 2015

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Jul 2015

Årets siste turrenn på Liatoppen var Bergsjørennet som Ål IL arrangerte 29. mars. Fristilrennet gjekk frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Deltakinga i rennet var nok prega av at mange prioriterte å delta på Hallingspretten som gjekk dagen før. Dette rennet hadde 1500 deltakarar.

Dagens raskaste herreløper vart Dag Erik Molandsveen, Eiker-Kvikk IF på tida 1.35.28. I dameklassa var Sissel Stave, ÅL IL raskast med tida 1.59.31.

Resultatliste: 150329 Bergsjørennet 2015.pdf


Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Jul 2015

Tysdag 24. mars arrangerte Ål skiskytterlag sitt klubbmesterskap for 2015. Heile 63 deltakarar stilte til start der nokre var "gjester" frå Gol og Hemsedal. Gledeleg god deltaking i dei yngre klassane, men og mange "puddingar" som prøvde å få ned blinkane - med varierande hell.

Resultatliste: 150324 Klubbmesterskap Ål ssl, sprint.pdf


Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Jul 2015

Torsdag 19. mars arrangerte Ål IL - langrenn sitt klubbmesterskap i klassisk stil. Skarpt føre møtte dei 40 deltakarane som stilte til start.

Resultatliste: 150319 Klubbmesterskap Ål IL 2015.pdf


Ålrennet 2015

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Jul 2015

Langrennsgruppa i Ål idrettslag arrangerte årets Ålrenn på Liatoppen laurdag 28. februar. Ein del juniorar brukte rennet som finpuss av formen før NM Junior i Hommelvik komande helg. Raskaste på 5-kilometeren for kvinner junior /senior vart Guro Jordheim, Hemsedal i klasse 19/20 år, medan på herresida vart dagens raskaste Jon Rolf Skamo Hope som går for NTG-Geilo/Hyen IL.

Totalt stilte 94 deltakarar til start i fristilrennet.

Resultatliste: 150228 Ål-rennet 2015.pdf


Gaurhovdrennet/Showrennet 2015

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2015

145 deltakarar stilte til start i årets utgave av Gaurhovdrennet/Showrennet. Dette var 43. gong Gaurhovdrennet vart arrangert. Medan 78 deltakarar var ute på 25-kilometeren starta 67 unge deltakarar i Showrennet med klassevise fellesstartar og korte rundar rundt stadion.

Dagens raskaste i Gaurhovdrennet var Chrisander Skjønberg Holth, IF Birkebeineren. Han skaffe seg tidleg ei god luke til resten av feltet og vann med 1.36 til Ola Jordheim, Hemsedal IL. Raskaste dame vart Amalie Honerud Olsen, Mjøndalen IF føre Live Berg, Ål IL.





Resultatliste:

150222 Gaurhovdrennet-shovrennet 2015.PDF




SpareBank 1 Cup i skiskyting

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2015

Helga 13. og 14. desember arrangerte klubbane Ål skiskytterlag, Bødalen IF og Drammen Strong sesongens 3. og 4. renn i SpareBank 1 Cup i skiskyting på Liatoppen. Dette er ein cup for skiskyttarane i Buskerud og har til saman 10 renn i løpet av sesongen. Desse renna skulle opprinneleg gå på Simostranda, men lite snø og kuldegrader i nedre delar av fylket så langt i vinter sette ein stoppar for det. Då var det flott å kunne ønskje 230 skiskyttarar frå Buskerud og andre fylke til renn i skikkelege vinterforhold på Liatoppen.

Resultatlister:


Normalprogram laurdag html pdf
Sprint sundag html pdf





Ribberennet 2014

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2015

Torpo IL arrangerte det tradisjonsrike "Ribberennet" på Liatoppen 28. desember. Rennet gjekk i fristil. Rennet hadde svært god deltaking sjølv om kuldegradene var nesten tosifra. Trått føre gjorde løypene litt tyngre enn dei brukar å vere.

I dameklassen var 18-årige Karoline Simpson-Larsen dagens raskaste. Hallingduellen i herreklassen mellom spesialist Pål Golberg og skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen vart aldri nokon duell etter som Vetle tok løpet som ei treningsøkt. I staden vart det ein annan Geilo-skiskyttar, Pål Kristian Grue Tufte, som var nærast Golberg, men seiersmarginen var på komfortable 56 sekund.

Resultat

Tiril Sjåstad Christiansen


Pål Golberg