Ribberennet 2016

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2016
















Det årlege Ribberennet vart arrangert på Liatoppen 28. desember. Etter mykje skiftande ver så langt i julehelga gjekk rennet i eit strålande vinterver og arrangøren, Torpo IL, kunne by på gode forhold til dei 336 deltakarane som stilte til start.

Thekla Brun-Lie, Njård og Per Kristian Nygård, Vestre Spone IF var dagens raskaste i seniorklassane. Mange sterke tider i yngre årsklassar og juniorklassane også.

Resultatliste: Ribberennet 2016



Startliste Ribberennet 2016

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Des 2016

Startliste til Ribberennet 2016 den 28. desember finn du her.



Mobilversjon av verstasjonen

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Des 2016

Verstasjonen har no fått ein mobilversjon som fungerer på både Android-telefonar og iPhone og andre Apple-produkt. Velg "mobilversjon" av verstasjonen så får du tilgang til alle verdata rett på mobilen. Her ligg også all historikk.


www.liatoppen.com - der skituren startar



Skiføret på Liatoppen (24.12.16)

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Des 2016


Etter mykje mildver i desember har det endeleg blitt kuldegrader. Mange lurar nok på korleis det står til med skiføret no i inngangen til julehelga. I dag er lysløypa og løypenettet omkring Liatoppen preparert. Det er også løypa vidare frå Skrindohaugen, rundt Kinnhovda og til Svarthamar. Det er minst snø lengst inn i løypenettet, men forholda sør for Kinnhovda er bra. Det er litt lite snø enkelte stader, men ingen grunn til å stå over skituren av den grunn. Biletet er tatt i dag.

Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarane av løypenettet ei riktig god jul og eit godt nyttår!



DNB Cup 3 / Statkraft Junior Cup 1 i skiskyting - 6. til 8. januar

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Des 2016

Ål skiskytterlag i samband med dei andre eigarlaga til Liatoppen skisenter (Fjellet IL, Torpo IL og Ål IL) arrangerte helga 6.-8. januar norgescuprenn i skiskyting på Liatoppen.

Dette var sesongens 3. renn i DNB Cup for senior. For juniorane var det sesongens første renn i Statkraft Junior Cup. Renna samla alle dei beste skiskyttarane i Norge i junior og senior med unntak av dei som var ute og konkurrerte i World Cup og IBU Cup.

Til saman 530 deltakarar frå heile landet stilte til start. Desse representerte til saman 112 ulike klubbar. Fredag var offisiell treningsdag, laurdag sprint og sundagen vart det fellesstart.

Det ustabile veret så langt i vinter gav ekstra utfordringar med løypene. I veka før arrangementet var det lagt ned ein stor dugnadsinnsats med å få løyper, arena og skytebane klar til rennet. Då fredagen kom låg anlegget klappet og klart til storinnrykk.

Arrangementet gjekk heilt etter planen og arrangøren fekk mange gode tilbakemeldingar.

Meir informasjon om arrangementet ligg under menypunktet NC skiskyting 2017 i toppmenyen.



Komande arrangement på Liatoppen - Ribberennet 28. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Des 2016

Sesongens første arrangement på Liatoppen går av stabelen 4. dag jul eller 28. desember. Torpo IL arrangerer det tradisjonsrike "Ribberennet" som går i fristil. Rennet er for alle aldersgrupper og brukar å samle deltakarar frå mange delar av landet. Distansane er frå 1-10 km. Mange kombinerer juleferie i Hallingdal med skirenn.

Arrangøren si heimeside

Påmelding



NM skiskyting i 2019 til Ål og Liatoppen!

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Nov 2016

Norges Skiskytterforbund har i dag tildelt NM i skiskyting i 2019 til Ål skiskytterlag og Liatoppen skisenter som arena. Ål skiskytterlag arrangerer årleg verdas største skiskyttarrenn - Bendit Liatoppen skiskytterfestival - med 1100 deltakarar. I 2019 blir det lagt opp til ei festveke på Ål for norsk skiskyting med NM senior og norgescupfinalar for junior og Liatoppen skiskytterfestival fordelt på to påfølgjande helger.

Arrangøren vil arbeide for å setje skiskyttaridretten i fokus i denne perioden og ser fram til å ta i mot "heile" skiskytter-Norge på Liatoppen og Ål på ettervinteren i 2019.


Ål skiskytterlag arrangerte NM også i 2001.



Kongepokal til Ole Einar Bjørndalen under NM på Ål i 2001. Kjem han tilbake i 2019?

Ole Einar Bjørndalen vann den gongen kongepokalen. Stiller han til start i 2019?











I 2001 var Hellbillies-medlem Arne Moslåtten NM-skald. Han ønskte alle velkomen til Ål på denne måten:


Velkomen hit sko de alle vera

om de sko sjå på ell børse bera.

På Liatoppen skal slaga stå.

Koss det vil enda kan ingen spå.


Men gjæve gutar og spreke jenter

skal skøyta fram over myr og skrenter.

Me høyrer jubelen like hit,

når blinken skiftar frå svart til kvit.


Med ladd gevær og på glatte skier

skal kampen bølgja i bjørkelier.

Frå slott og småbruk me samlast her,

til Norgesmeistrane kåra er.


Ål skiskytterlag og Liatoppen skisenter ser fram til å ta imot deltakarar og publikum på NM i 2019.



Invitasjon til DNB og Statkraft Cup 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Okt 2016

Da er invitasjonen til DNB Cup 3 og Statkraft junior cup 1 på Liatoppen skisenter 06.-08. januar klar. Klikk på lenke for å se ytterligere detaljer.

DNB og Statkraft cup 2017 invitasjon



Nyheter

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Sep 2016

Her vil det etter hvert komme ulike artikler



Utbetring av løypenettet i gang

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Sep 2016

i utbetring av løypenettet er i gang på Liatoppen. Denne gongen er det partiet inn mot stadion som blir gjort breiare. Arbeidet medfører ein del sprengingsarbeid. Steinmassane skal nyttast til fyllmasse i traseen med tanke på ei framtidig rulleskiløype. Arbeidet blir utført av Oddvar Øygard AS og skal vere fullført i løpet av nokre veker.







Ål skiskytterlag og Liatoppen skisenter er tildelt Norgescuprenn i skiskyting 6.- 8. januar 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Sep 2016

Første helga i 2017 blir det storinnrykk av skiskyttarar på Liatoppen. Ål skiskyttarlag er tildelt Norgescup i skiskyting for junior og senior. Dette blir det 3. rennet i sesongens DNB Cup for senior. For juniorane blir dette sesongens første renn i Statkraft Junior Cup.

Det er venta storinnrykk av landets beste juniorar og seniorar med unntak av dei seniorane som går IBU Cup og World Cup på den tida. Rennar vil vere tellande for uttak til EM i Polen, Junior EM i Tsjekkia og Junior VM i Russland seinare i sesongen.

Fredag 6. januar er offisiell treningsdag, laurdag 7. januar er det sprint og sundag 8. januar er programmet fellesstart. Her blir det mange tette duellar.

Meir informasjon om arrangementet kjem under menypunktet NC Skiskyting 2017.



Sesongens siste skitur på Liatoppen? (4.5.16)

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Mai 2016

Det er framleis mykje snø på Liatoppen og løypekøyrarane har i dag preparert 1,25 km til skiskyttertreninga før maskina blir gjort klar for sommarlagring. Har du lyst, er det mogeleg å ta seg ein tur på skøyteski i vårsola.



Løyper i april på Liatoppen (22.4.)

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Apr 2016

Det er framleis bra med snø innover i terrenget frå Liatoppen og fortsatt bra skiføre. Etter planen blir det preparert løyper frå skisenteret og innover komande laurdag morgon (23. april). Deretter vil ver og føre bestemme om det blir køyrd opp løyper lenger utover våren.

Sjekk på www.skisporet.no for oppdatert oversikt over løypene.

God tur!



Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2016

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Apr 2016

Helga 8. til 10. april arrangerte Ål skiskytterlag året store "happening" på Liatoppen. Med 1100 unge skiskyttarar på start kan arrangementet titulere seg som verdas største skiskyttarrenn. Festivalen over 3 dagar vart gjennomført med høg kvalitet og god presisjon. Første konkurransedag deltok 225 stafettlag i det som er den største klubbstafetten for desse aldersklassane. I tillegg avslutta 180 nybyrjarar dagen med individuell konkurranse.

Laurdag var det sprint på programmet. Første innskyting starta kl 07.00 og siste deltakar var i mål ca. kl 18.00. Deltakarar, foreldre, funksjonærar og andre kosa seg i vårsola denne dagen. Løypene var faste og fine først på dagen, men vart naturleg nok lausare og våtare utover dagen.

Sundag var det klart for den store "rock'n roll-dagen". Først med individuell start for årsklassane 11 og 12 år før årsklassane 13 til 16 år køyrer fellesstartar. Til saman 21 fellesstartar vart gjennomført.

Datoen for neste års festival er 31. mars til 2. april 2017.

Sjå også festivalen sine heimesider: www.liatoppenskiskytterfestival.no








Komande arrangement på Liatoppen - Bendit Liatoppen Skiskytterfestival

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Mar 2016

Ål skiskytterlag arrangerer nok ein gong verdas største skiskyttarrenn rekna etter deltakartal helga 8. til 10. april. All informasjon om rennet ligg på arrangementet si heimeside:

Heimesider Bendit Liatoppen Skiskytterfestival


Rigging av stadion startar onsdag 6. april så i tidsrommet 6.-10. april vil stadion og løypene til og med 2 km vere lite tilgjengeleg for andre enn deltakarar på arrangementet.




Bergsjørennet 20. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Mar 2016

Det 32 km lange turrennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen vart arrangert av ÅL IL 20. mars. Rennet har kome litt i skuggen av Hallingspretten som Ål IL med fleire arrangerte laurdag. Det er er flott at klubben likevel klarar å arrangere to renn på ei helg. Konkurransklassane gjekk i fristil. Til start stilte 42 trimmarar og 36 i turklassen, så det er god plass til fleire.

Rennet går i flott fjellterreng. Deltakarane fekk i år utruleg raske tilhøve. Både faste løyper og god medvind gjorde at tidlegare løyperekordar vart knust. Dagens raskaste i herreklassen vart Erik Bråten, Kjelsås IL med ny løyperekord på 1.10.43. Han var to minutt før nestemann som var gårsdagens vinnar av Hallingspretten, Kjetil Andre Bjerkrheim. I dameklassa vart Vilde Hagen Friis, Ål IL raskast med tida 1.31.18. Dette er også løyperekord for damene.


Resultatliste Bergsjørennet 2016



Vanskeleg snøtilhøve i fjellet - løyper som ikkje blir preparert

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2016

Siste veka før påske har vore usedvanleg varm, spesielt i høgfjellet. Dette har ført til stor snøsmelting og bekkar/elvar som har gått opp. Løypeprepareringa blir også påverka av det dette. Pr i dag (fredag 18. mars) er det ikkje nok snø til å preparere fjelløypa frå Kråkhamar til Hellebu. Løypa frå Fekjastølen til Hellebu er heller ikkje mogeleg å preparere då elva Lya har gått opp. Også løypa frå Hellebu mot Grytingen er ikkje preparert etter at løypemaskina køyrde seg fast i ein bekk i nærleiken av Vealia i går.

Me håpar på kaldare ver framover slik at den blaute snøen kan fryse til og gje eit betre underlag i skiløypene.

God påske!



Bergsjørennet 20. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Mar 2016

Det 32 km lange turrennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen vart arrangert av ÅL IL 20. mars. Rennet har kome litt i skuggen av Hallingspretten som Ål IL med fleire arrangerte laurdag. Det er er flott at klubben likevel klarar å arrangere to renn på ei helg. Konkurransklassane gjekk i fristil. Til start stilte 42 trimmarar og 36 i turklassen, så det er god plass til fleire.

Rennet går i flott fjellterreng. Deltakarane fekk i år utruleg raske tilhøve. Både faste løyper og god medvind gjorde at tidlegare løyperekordar vart knust. Dagens raskaste i herreklassen vart Erik Bråten, Kjelsås IL med ny løyperekord på 1.10.43. Han var to minutt før nestemann som var gårsdagens vinnar av Hallingspretten, Kjetil Andre Bjerkrheim. I dameklassa vart Vilde Hagen Friis, Ål IL raskast med tida 1.31.18. Dette er også løyperekord for damene.


Resultatliste Bergsjørennet 2016




Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Mar 2016

Tysdag 8. mars arrangerte Ål skiskytterlag klubbmesterskap som gjekk som normalprogram med tillegg for bom. Rennet var også sonerenn og åpent for deltakarar frå andre klubbar. Totalt 54 deltakarar stilte til start. Av desse var det heile 7 sporty damer som stilte i puddingklassen og den vart dermed den nest største klassa.

Resultatliste: Klubbmesterskap Ål ssl 2016/sonerenn



Komande renn på Liatoppen - politimesterskap og sonerenn skiskyting

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Feb 2016

Frå tysdag 8. mars og fram til og med torsdag 10. mars vil det gå føre seg NM for politi på Liatoppen. Desse dagane skal politifolk konkurrere om NM-titlar i ulike øvingar. Renna vil ha deltakarar frå heile landet.

Rennprogrammet er slik:

Tysdag 8. mars: Pistollangrenn. 10 km kvinner og 12 km menn. Fristil. Innlagt 4 skytingar på skiskyttarblinkar med pistol. 30 sek. tillegg pr. bom. Start kl 14.00.

Onsdag 9. mars: Feltløp m/grovkaliber pistol med 3 skytingar. To av desse går føre seg ute i løypa så her må ein vere budd på noko smell der det ikkje brukar å smelle. Rennet går i klassisk stil med start kl 11.00.

Torsdag 10. mars: 10 km fellesstart for menn og kvinner i klassisk stil. Start er kl 11.00.


Tysdag 8. mars arrangerer Ål skiskytterlag klubbmesterskap og sonerenn på kvelden. Disiplinen er normalprogram.

Påmelding til arrangementet gjer ein her: Sonerenn 8. mars




Gaurhovdrennet/Showrennet 2016

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Feb 2016

Om lag 100 deltakarar stilte til start Showrennet og Gaurhovdrennet denne siste sundagen i februar. Showrennet for dei yngre gjekk i klassisk stil med fellesstart og korte rundar. Gaurhovdrennet følgde den vanlege traseen på 24 km og i klassisk stil. Dette var 44. gongen rennet vart arrangert sidan starten i 1971. Med andre ord har rennet ein lang tradisjon.

Dei raskaste i turrennet vart Amalie Honerud Olsen, Mjøndalen IF i kvinneklassane og Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL i herreklassane.

Her er resultatlistene frå renna:

Resultatliste Showrennet 2016
Gaurhovdrennet 2016



Ålrennet 2016

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Feb 2016

Til saman 180 stilte til start i laurdagens Ålrenn på Liatoppen. Juniorklassane hadde god deltaking med mange frå NTG Geilo som brukte rennet som førebuing til NM junior om 2 veker. Dagens raskaste kvinne på 5 kilometeren vart Guro Jordheim frå Hemsedal/Team Hallingdal med Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL/Vossalangrenn 17 sek. bak. I herreklassa vart 18-åringen Simen Munch Wahl frå Bjørndal IF/NTG Geilo den raskaste på 10 kilometeren. Her var Sigurd Rønning frå Vikersund/MVS kun 3 sek. bak.

I dei yngre klassane var det også fleire tette duellar. I jenter 13 år delte Anna Espeli frå Geilo IL og Gro Torsteinsrud frå Fjellet IL sigeren.

Her er resultatliste frå rennet:

Resultatliste Ål-rennet 2016


I morgon er det Gaurhovdrennet og Showrennet på Liatoppen og det ligg til rette for fleire duellar i løypene.



Fjelletstafetten 2016

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Feb 2016

Fjelletstafetten vart arrangert på Liatoppen laurdag 13. februar. Vanlegvis blir stafetten arrangert i lysløypa ved Leveld skule. På grunn av i problem med å krysse elva vart arrangementet lagt til Liatoppen.

Fjelletstafetten har lange tradisjonar og er eit av vinterens høgdpunkt for yngre skiløyparar. Til saman 34 lag frå dei fleste kommunane i Hallingdal stilte til start, dei fleste i aldersgruppa 8-12 år. 1. etappe gjekk i klassisk stil medan 2. og 3. etappe i fristil.

Følgjande lag vart klassevinnarar:

Jenter 8-12 år: Gol IL
Gutar 8-12 år: Geilo IL
Mix 8-12 år: Fjellet IL, 1. lag

Jenter 13-16 år: Fjellet IL
Mix 13-16 år: Geilo IL


Resultatliste: Fjelletstafetten 2016








Komande renn på Liatoppen - Renn 10. januar AVLYST pga kulde

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Jan 2016

Rennet vil kanskje bli arrangert seinare på ein vekedag.


Sundag 10. januar kl 11.00 arrangerer Fjellet IL sonerenn i langrenn. Øvinga er sprint med prolog og finalar.

Påmelding til rennet her: Påmelding sonerenn

Meir informasjon om rennet her: Heimeside Fjellet IL