Ribberennet 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2017

Torpo IL arrangererte Ribberennet på Liatoppen 4. juledag. Arrangøren kunne by på flotte forhold og fint vinterver då 314 deltakarar i alle aldersgrupper stilte til start i fristilrennet. Den "nye" 5-kilometeren vart brukt for første gong i renn og var nok ei spanande oppleving for dei som ikkje hadde testa den tidlegare. Her finn ein utforkøyringar der farten blir enorm og sugande stigningar som krev godt O2-opptak.

Dagens raskaste i kvinneklassen vart Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL/Team Veidekke Vest og Sigurd Hagen Rønning, Vikersund IF tett følgd av junioren Filip Fjeld Andersen, Geilo IL som berre var 10 sekund bak på 10-kilometeren. I kvinneklassen for junior utmerka 17-åringen Marie Helene Fossesholm, Eiker SK seg med ei svært god tid på 5-kilometeren.

Resultatliste:

Ribberennet 2017



Velkomen til Ribberennet 28. desember!

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Des 2017

Me står framom ein ny rennsesong på Liatoppen og første rennet går av stabelen 28. desember. Då byr som vanleg Torpo IL inn til det tradisjonsrike "Ribberennet" som går i fristil. Her brukar det å vere god deltaking med mange Hallingdalsferierande på startstreken. Det har vore svært gode snøtilhøve på Liatoppen hittil i vinter og arrangøren kan tilby topp løyper så sant "kakelinna" ikkje klarar å gjere for mykje ugang.


Påmeldingsfristen er 26. desember og kan gjerast her:

Påmelding Ribberennet

Vel møtt!



Rulleskiløypa på Liatoppen er klar til bruk (5.10.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Okt 2017


I løpet av dei siste dagane er asfalten i rulleskiløypa lagt, og løypa er klar til bruk. Det er lagt 1,25 km med asfalt inkludert standplass på skytebanen. Løypa eignar seg for både nybyrjarar og erfarne skiløparar så vel som kombinasjonstrening i skiskyting. Med dette har Liatoppen skisenter fått eit nytt tilbod i sommarhalvåret og eit viktig bidrag til heilårsbruk av anlegget.





















Ny rulleskiløype snart klar på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Sep 2017


Det har dei siste vekene vore høg aktivitet på Liatoppen med maskinentreprenør Oddvar Øygard AS i full sving på dagtid og dugnad utført av eigarlaga på kveldstid. I løpet av relativt kort tid vil ny rulleskiløype stå klar til bruk og med det blir bruken av skisenteret i sommarhalvåret utvida.

Mykje av grunnarbeidet vart gjort i fjor, men også i år er det gjort ei vesentleg oppgradering av skisenteret. I tillegg til arbeid med rulleskiløypa er det er laga ny inngang til standplass for å ta ned farten inn til skyting. Det er også laga ei ny, kort løype rundt heile skytebanen. På standplass er det bygd opp ny trener/publikumstribune som er ca. 50 cm høgare enn standplass. I bakkant av denne er det laga ein steinmur. Mykje masse er flytta på for å bygge muren og tribuna.

Det tekniske anlegget er også oppgradert gjennom framføring av fiberkabel til anlegget samt ny straumforsyning. Med dette vil lyd og bildeproduksjonar under arrangement bli både enklare og sikrare. Eit viktig arbeid for å kunne gjennomføre arrangement med høg kvalitet i framtida.





Vårskitur på Liatoppen (29.4.17)?

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Apr 2017

Løypekøyrarane har vore ute på morgonen i dag og preparert skiløyper frå Liatoppen og inn til løypekrysset ved Margitbakken. Det er nysnø og kuldegrader i området så det er mogeleg å ta seg ein skitur i preparerte løyper.

God tur!




Rulleskiløypa er fullfinansiert

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Apr 2017

Vi har nå fått svar på vår siste søknad på rulleskiløypa. Sparebankstiftelsen Hallingdal har vedteke å gi oss eit tilskot 700 00 kr. Det betyr at vi får gjort ferdig rulleskiløypa denne sommaren.

Slik det ser ut no vil grunnarbeidet starte opp i slutten av juli. Vi vil prøve å få lagt asfalt så tidleg som mogleg slik at utøverne kan bruke løypa i haust. Førebels har vi ikkje gjort avtale med noko firma, men arbeidet med å få ein avtale er i gang.

Finansieringa blir slik:

Tippemiddel 700 000

Eigenkapital 670 160

Kommunalt tilskot 700 000

Dugnad 184 000

Progamsatsingsmiddel, skiforbundet og skiskytterforbundet 374 000

Sparebankstiftelsen 1 Hallingdal 700 000

Takk til




Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Apr 2017


Helga 31. mars til 2. april arrangerte Ål skiskytterlag året store "happening" på Liatoppen. Med over 1100 unge skiskyttarar på start kan arrangementet titulere seg som verdas største skiskyttarrenn. Festivalen over 3 dagar vart gjennomført med høg kvalitet og god presisjon. Første konkurransedag deltok 225 stafettlag i det som er den største klubbstafetten for desse aldersklassane. I tillegg avslutta 190 nybyrjarar dagen med individuell konkurranse, dessverre i regnvær.

Laurdag var det sprint på programmet. Første innskyting starta kl 07.00 og siste deltakar var i mål ca. kl 18.00. Deltakarar, foreldre, funksjonærar og andre kosa seg i vårsola denne dagen. Løypene var faste og fine først på dagen, men vart naturleg nok lausare og våtare utover dagen.

Sundag var det klart for den store "rock'n roll-dagen". Først med individuell start for årsklassane 11 og 12 år før årsklassane 13 til 16 år køyrde fellesstartar. Til saman 22 fellesstartar vart gjennomført.

Datoen for neste års festival er 13.-15. april 2018.

Sjå også festivalen sine heimesider: www.liatoppenskiskytterfestival.no




Bergsjørennet palmesundag

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Apr 2017


Bergsjørennet vart arrangert palmesundag med start og mål på Liatoppen i staden for den tradisjonelle traseen frå Bergsjøstølen til Liatoppen. For å få til renn, nytta arrangøren Ål IL, 5 kilometeren i lysløypa. Trass i lite snø deltok 48 deltakarar i rennet. Det var storfint besøk på plass då den latviske skiskyttaren Andrejs Rastorgujevs stilte til start i sitt Torpobesøk. Han avslutta nyleg World Cupsesongen i Holmenkollen med 2. plass på fellesstarten. Ikkje overraskande hadde han dagens beste tid på Liatoppen der konkurranseklassane gjekk 6x5 km.

Resultatliste: Bergsjørennet 2017





Status skiløyper i starten av påska (8.4.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Apr 2017

Løypemaskina har vore ute på morgonen i dag og prøvd å preparere skiløypene. Dessverre viser det seg å vere umogeleg å koma fram pga. parti utan snø, bekkar som har gått opp og mykje overvatn på myrane. Maskina snudde ved Margitbakken då det var uråd å koma lengre innover. Det er også fleire parti lenger heimpå åsen som er vanskelege.

Dersom ein ønskjer seg ein skitur i området er det lysløypa som har mest snø, men også der er det fleire parti utan snø.

Våren kom alt for tidleg i år....



Alt klart for skiskyttarfest i 3 dagar

Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Mar 2017


Liatoppen skisenter er rigga for skiskyttarfest i 3 dagar. Det heile brakar laus fredag 30. mars med stafettar for aldersgruppa 11-16 år, medan dei yngste avsluttar dagen med eit individuelt renn.

Laurdag held festivalen fram med individuelle konkurransar for alle. Festivalen blir avslutt sundag med vanleg enkeltstart for 11-12 år og fartsfylte fellesstartar for aldersgruppa 13-16 år.

I forkant av arrangementet er det jobba mykje med å drenere ut vatn og køyre på snø etter mildveret i byrjinga av veka.

Hallingdølen sender direkte frå festivalen alle dagar. Følg sendingane på arrangementet sine heimesider:

Livesendingar frå Bama Liatoppen Skiskytterfestival



Flott gåve til Liatoppen skisenter og skiløypene på Liatoppen og Votndalsåsen

Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Mar 2017

Logo Ålhytta






I 2016 feira Ålhytta 50 år. I samband med jubileet ønskte selskapet å gje noko attende til lokalsamfunnet. Dei valde å dele ut kr 50.000,- til kvart av dei 8 løypelaga i Ål kommune. Gåva på kr 50.000,- vil bli nytta til utbetring av turløypenettet på Votndalsåsen.

Liatoppen Skisenter er svært takksam for den rause gåva frå Ålhytta!



SpareBank 1 Cup i skiskyting

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Mar 2017

Helga 18. og 19. mars arrangerte Ål skiskytterlag saman med Bødalen og Drammen Strong sesongens siste renn i SpareBank 1 cup i skiskyting på Liatoppen. Dette var "oppvarming" til Bama Liatoppen skiskytterfestival som går av stabelen helga 31. mars til 2. april.

SpareBank 1 cup i skiskyting omfattar alle klassar frå nybyrjarar til senior. Øvingane det vart konkurrert i var sprint på laurdag og fellesstart på sundag. Dei yngste gjekk sprint begge dagane.

Meir informasjon om renna på Ål skiskytterlag si heimeside.


Resultatlister:

Sprint laurdagpdflive med mellomtider
Fellesstart sundagpdflive med mellomtider


Gaurhovdrennet/Showrennet 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Feb 2017

Ein fantastisk skidag i strålande februarsol vart årets Gaurhovdrenn og Showrenn på Liatoppen. Gaurhovdrennet vart arrangert for 45. gong sidan oppstarten i 1971. Dei første åra gjekk rennet frå Leveld til Gol. Eivind Torsethaugen har delteke alle gongene rennet er arrangert, imponerande.

Rennet var i år vunne av Emil Intelhus Brøto, Gol IL/NTG som hadde følgje heilt til målstreken av Andreas Kirkeng, IL ROS og klubbkamerat Knut Skrindo, Gol IL.

Raskaste dame i rennet var Tuva Skarra, Konnerud IL.

Medan dei eldste tok runden inn i fjellet rundt Kinnhovda gjekk dei yngste Showrennet med fellesstartar og korte rundar.

Resultatliste Gaurhovdrennet

Resultatliste Showrennet



Ålrennet 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2017

25. februar arrangerte Ål IL sitt årlege Ålrenn i fristil. 128 deltakar stilte til start på ein vinterleg laurdag på Liatoppen. Snøveret breidde seg innover området og gjorde at føret ikkje vart like skarpt som ein kunne forvente. Det vart konkurrert i distansar frå 1,25 km og opp til 10 km. Hyggeleg med eit stort innslag av deltakarar frå utanom dalen på startstreken. Arrangøren satsa på god premiering hadde premiar til alle deltakarane.

Resultatliste:





Løypekøyring i helga (17.2.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Feb 2017


Nok ein gong har me fått varmegrader i fjellet, og det er framleis lite snø i området. Til denne helga som også er starten på vinterferien for mange, er alle løyper frå Liatoppen som ligg i skogen preparert. Der er det som tidlegare gode forhold med unntak av myrane ved Åsetno og eit par andre stader rundt Kinnhovda.

På snaufjellet er det problematisk å få til gode løyper, men det er maskinpreparert løyper med varierande kvalitet langs vegen frå Svarthamar til Fekjastølen og vidare til Lya. Frå Tormodset til Lya er det køyrd opp løype med snøscooter. Det er også strekningen frå Svarthamar til Hyttehovda (løypenettet på Leveldåsen).

Sjekk også skisporet.no for oppdatering av løypepreparering.

God tur!



Stor rennhelg på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Feb 2017

Helga i slutten av februar er det som vanleg ei stor rennhelg på Liatoppen. Det har blitt ein tradisjon at både Ål IL og Torpo IL har renn denne helga. Tidspunktet gjer at renna fell inn i vinterferien for både aust- og vestlandet.

Laurdag 25. februar arrangerer Ål IL Ålrennet i fristil. Rennet har enkeltstart og er for alle klassar. Løypelengdene er 1-10 km. Meir informasjon om rennet og påmelding:

Ålrennet


Sundag 26. februar arrangerer Torpo IL både Showrennet og turrennet Gaurhovdrennet i klassisk stil. Showrennet er for klassane 8-14 år med klassevise fellesstartar og korte rundar. Gaurhovdrennet blir i år arrangert for 45. gong og har trim og familieklasse som kan gå løyper på 5-24 km. Turrennklassane er frå 15 år og oppover. Løypelengda her er 24 km. Meir informasjon om renna og påmelding:

Showrennet 2017

Gaurhovdrennet 2017


Vel møtt til flotte skidagar på Liatoppen!



Fjelletstafetten 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Feb 2017

Fjellet IL arrangerte Fjelletstafetten på Liatoppen laurdag 11. februar. 27 lag frå Hallingdal i aldersgruppa 8-12 år og 13-16 år stilte til start i flott vinterver og fine løyper.

Her er resultatlista:

Fjellet-stafetten 2017



Løypekøyring i helga (3.2.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Feb 2017

Denne helga blir løypene preparert om lag som sist helg, dvs. at lysløypa og løypa frå Skrindohaugen mot Svarthamar blir køyrd opp laurdag morgon. I lysløypa er det gode forhold. I løypa rundt Kinnhovda er det lite snø, men blir forsøkt preparert. Ver forsiktig i denne delen.

I snaufjellet er det framleis for lite snø til å lage skiløyper.

God tur!



Skiføret på Liatoppen og Votndalsåsen (20.1.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Jan 2017

Nok eit mildver har råka våre område. Heilt sidan tysdag 17. januar har det vore mange varmegrader i fjellet. Det er nok mange brukarar av skiløypene på Votndalsåsen som lurar på korleis det står til med skiføret no.

I lysløypa mellom Liatoppen og Skrindohaugen er det gode skiforhold. Det er også skiføre frå Skrindohaugen og innover mot Hovdestølen. Vidare innover er det lite snø. Tråkkemaskina køyrer ut frå Liatoppen laurdag morgon og køyrer opp løypene innover så langt det er mogeleg. Følg med på skisporet.no for meir detaljar.

Me håpar det snart blir meir vinterleg med kuldegrader og snø.

God tur!



Takk til alle funksjonærer

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2017

Det er behov for mange personer når det arrangeres store skiskytterrenn. Totalt står det litt over 200 personer på mannskapslista til dette Norgescuprennet. Det var en del sykdomsforfall helt på slutten, men flere var sporty og stilte opp på kort varsel.

Jeg har fått TD-rapporten. De ville at jeg skulle hilse alle og si at dette var et meget godt gjennomført arrangement. Liatoppen Skisenter og eierklubbene er svært takknemmelige for at dere stiller opp og gjør en så god jobb. Tilbakemeldinga er at funksjonærene er rolige, effektive og hyggelige.

Det er moro å være leder for et arrangement med slike tilbakemeldinger.

Tusen takk til dere alle!

Svein T. Furuhaug



Informasjon fellesstart søndag

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Jan 2017

Her kommer litt informasjon om fellestarten i morgen søndag.

Det jobbes nå med startlistene. De blir lagt ut så snart de er klare.

Start

Ranking er i utgangspunktet sammenlagt i norgescupen. De som har deltatt internasjonalt går foran. Det betyr at hvis det er en i en klasse som har deltatt internasjonalt går denne personen med startnummer 1, uavhengig av plassering i norgescupen. Deretter tildeles nummer etter sammenlagtplassering. Løpere uten plassering blir plassert sist.

Vi kjører heat 1 i alle klasser med maksimalt 30 løpere. Senere heat kan ha flere løpere enn 30 for å unngå at noen få går nærmest alene i et heat.

Heat 2 starter 90 sek etter heat 1. Der det er 3 heat vil heat 3 starte 90 sek etter heat 2.

Skive

I heat 1 skal den med lavest nummer i sin klasse skyte på skive 1 og deretter stigende til skive 30.

Alle som går i heat 2 og 3 vil få tildelt skive på alle skytingene. Alle vil få tildelt skive på skyting 2, 3 og 4.

Akkrediteringsvester

Det vil bli tildelt 3 akkrediteringsvester pr innskytingsskive på søndag. Denne tildelinga går til kretsen, og vi oppfordrer om at kretsene legger opp til et samarbeid om disse vestene. Vestene skal være på og ytterste plagg. De som ikke har vest vil bli vist bort.

Svein T. Furuhaug

Rennleder



Referat lagledermøte

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Jan 2017

Her kan dere lese referatet fra lagledermøtet 6.januar 2017

Referat




Premieutdeling

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Jan 2017

Premieutdeling

Lørdag

Premieutdeling M senior, M 20/21 ca kl. 11:25

Premieutdeling alle kvinneklasser ca kl. 12:00

Premieutdeling M17-19 ca. 14:50


Søndag

Premieutdeling alle klasser fortløpende. Dette etter ønske på lagledermøtet.




Velkommen til Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Jan 2017

Velkommen til Liatoppen

Det nærmer seg raskt norgescuprenn. Vi er klare til å ta imot dere, og nå ser det bra ut her på Liatoppen. Vi har fått en del spørsmål rundt dette med snø. Her er det bare natursnø.

Været har vært meget spesielt så langt i vinter. Totalt har det kommet bra med nedbør, men en del har kommet som regn. I tillegg har vi hatt mye vind. Dette har ført til at det ble behov for å kjøre inn en del snø i anlegget. Nå ser det veldig bra ut, og vi er i gang med de siste forberedelsene.

Dere finner aktuell informasjon her på hjemmesida.

Snarvei til livesenter og resultatlister finner dere på hovedsida.


Parkering

Vi oppfordrer alle til å betale parkering med mCASH. Dersom dette er gjort når dere kommer opp, vil det gå raskere å få alle på plass.

Kiosken bruker også mCASH.

Priser for parkering og kioskvarer samt QR-kode til mCASH, finner dere under

http://www.liatoppen.com/p/24473/kiosk-og-parkerin...

Start- og innskytingslister for søndag vil bli klare i løpet av lørdag kveld. Vi ber om forståelse for at dette vil ta noe tid, siden lørdagens resultat skal legges til grunn for startlistene for fellesstarten.

Liatoppen Skisenter ønsker alle sammen lykke til.

Mvh

Svein T. Furuhaug
Rennleder



Startliste for sprint lørdag er klar

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2017

Listene ligger under Startlister i Norgescup-menyen. Innskytingslister blir lagt ut onsdag 4. januar.



DNBs pris for god sportsånd

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Jan 2017

I forbindelse med junior NM i Holmenkollen vil DNBs PRIS FOR GOD SPORTSÅND bli delt ut.

Prisen er et stipend på 5000 kroner, og deles ut til en juniorutøver som i forbindelse med et renn i tiden etter siste junior-NM og til og med lørdagen under årets junior NM har utvist særlig god sportsånd.

Alle som vil kan nominere kandidater på eget skjema på www.nmjunior2017.no . Der finner du også mer informasjon om prisen og statuttene.




Vennlig hilsen

Jon Haugan
for Org.komiteen for NMjunior 2017