Ål og Vikersund søkjer om ski-NM

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Okt 2012

Liatoppen Skisenter, ved Ål idrettslag i samarbeid med Vikersund søkjer om å få arrangere NM i nordiske greiner del 1 i 2015. Her er pressemeldinga i samband med søknaden:

Ål idrettslag, saman med dei andre eigarlaga til Liatoppen Skisenter og Vikersund, står som søkjar til å arrangere senior-NM i nordiske greiner i 2015.

- Dette året fyller Ål idrettslag 125 år og me ønskjer å markere jubileet ved å arrangere ein noregsmeisterskap. Vikersund vil stå for hoppdelen av arrangementet, medan alle langrennsøvingar vil bli gjennomført på Liatoppen skisenter. Her vil som ved tidlegare nasjonale arrangement, eigarlaga Ål IL, Torpo IL, Fjellet IL og Ål Skiskytterlag samarbeide om gjennomføringa, seier Svein Furuhaug.

Verdas største skiskyttararrangement
Liatoppen Skisenter har vore arena for mange store nasjonale renn både i langrenn og skiskyting. I skiskyting er det arrangert noregsmeisterskap for både junior og senior. Kvart år er verdas største skiskyttararrangement, Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival, sesongavslutning for over 1000 unge skiskyttarar.

Saman for skiidretten
Hoppdelen av NM vil bli arrangert i 117-metersbakken i Vikersund. Den nest største bakken i Vikersund har heis, frysespor og anna viktig infrastruktur for å arrangere NM i ein moderne hoppbakke. - Vikersund synes det er kjekt å bli spurt om å vere med på ein skikkelig Buskerudsøknad og at me saman kan vere med på å lyfte skiidretten i Buskerud gjennom eit NM. Hoppbakkane våre er til for å brukast, fortel Halvor Hartz, styreleiar i Skiflyving Vikersund. Vikersund arrangerte NM hopp seinast i 2010, då saman med Stokke i Vestfold. I 1989 arrangerte Konnerud og Vikersund NM saman, det var siste gong heile NM gjekk i Buskerud. Vikersund arrangerte sist vinter skiflygings-VM, og siste helga i januar arrangerer dei igjen verdscup i skiflyging.

Oppgraderer Liatoppen
Ein seniormeisterskap i nordiske greiner inneheld hopp, kombinert og langrenn. Liatoppen Skisenter skal gå gjennom ein del endringar for å tilfredstille krava til Norges Skiforbund. Dette betyr at stadion skal tilretteleggjast for fellesstart, skibytte samt få eit betre oppløp mot mål. I tillegg vil løypa måtte utvidast og flyttast nokre stadar. Ein ny 5 km er også under planlegging til NM. Arbeidet vil starte opp neste år.

Me ønskjer å gjennomføre ein flott meisterskap for både løparar og publikum. Ål og Modum kommunar har mykje å by på i tillegg til idretten. Arrangørane vil leggje opp til gode kulturelle innslag under eit NM.

Norges Skiforbund avgjer kven som får NM i desember eller i januar.

- Me ventar spent på avgjerda, seier Svein Furuhaug.

For meir informasjon, kontakt:
Svein T. Furuhaug, leiar av organisasjonskomiteen Telefon: 915 18 610

Halvor Hartz, styreleiar Skiflyging Vikersund Telefon: 930 61 212


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline