Vêrstasjonen viser feil temperatur og luftfuktigheit

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Apr 2026

Vêrstasjonen viser for tida feil temperatur og luftfuktigheit pga. feil på måle-eining. Vindstyrke og -retning viser korrekte verdiar. Vanskeleg å seie når feilen blir retta. 




Har tråkkemaskina vore ute?

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Des 2025

Liatoppen skisenter har to ulike måtar å sjekke når løypane vart køyrt sist.

Det eine er Sporet og den andre Skiappen.

  • Sporet kostar 150 kr/år og er ein nyare versjon av Skisporet som vi nytta tidlegare.
    Nettside: Skisporet

  • Skiappen er gratis og er nyutvikla i haust. Søk etter Skiappen i Appstore og last den ned på mobilen.

De finn båe to på heimesida til Liatoppen skisenter. Sjå under fanen «Løypenett».




Skiforholda på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Des 2025

Det er ikkje mykje snø på Liatoppen, men forholda er svært gode. I konkurranseløypene er det så bra at de kan ta fram godskia. Etter nokre dagar med mildvêr har vi fått ein solid såle, og på toppen ligg det eit lite lag med nysnø. No melder varselet kaldt vêr gjennom heile dei neste ti dagane, og dersom det slår til, blir det strålande forhold under Ribberennet.

Bilete under er teke 20. desember 2025




Ribberennet 2025 gjennomført

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Nov 2025

Velkomen til Ribberennet 28.12.2025 KL 12:00

Det er lite snø, men fine forhold i løypa. Tråkkemaskina vil frese løypa forsiktig i kveld, og det blir satt spor på høyre side gjennom hele løypa. 

Sjekk løypetraseen her

Startliste (opdatert 27.12.2025 18:40): 

Pdf: Startliste v4
Live: NSF Timing Ribberennet Ål
Resultatliste: Resultatliste offisiell

Stilart:              Friteknikk

Klassar:            Frå 8 år til Senior og Mosjonist

Stad:                Liatoppen Skisenter, Liatoppen 53, 3570 ÅL

Parkering:         75 kr., Vipps #127199

Påmelding:  Online på isonen.no innan 26.12.2025 kl. 23:59

Startkontingent: 8-16 år 130 kr./junior 150 kr./senior 170 kr.

Ansvarleg påmelding e-post: kivestli@gmail.com   

Etteranmelding: Fram til kl. 10:30 same dag (dobbel startkontigent) Vipps #127199

Les invitasjon for meir informasjon

Invitasjon ribberenn 2025

iSonen påmelding



2 Kommentarer

Vêrstasjonen er i drift etter lengre driftsstopp

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Feb 2025

Vêrstasjonen på Liatoppen har vore i drift sidan 2008. Dessverre har me hatt ein driftsstopp sidan august i fjor. No er det gjort nødvendige endringar i driftsmiljøet og stasjonen leverer på nytt kontinuerleg vêrdata frå skistadion. Trykk på logo under toppmenyen eller velg menypunktet "Før skituren" i menyen. Då får ein opp mobilversjonen av vêrstasjonen. Me testar også ut eit alternativt display som er meir høveleg til pc og nettbrett. Lenke til begge visningsvariantane her: 

Vêrstasjon - mobil

Vêrstasjon - pc og nettbrett

Når ein er inne på vêrstasjonen med mobiltelefonen kan ein ide vere å legge den til på "Hjem-skjerm". Då vil den framstå som ein app ein lett kan nå.
 

God tur!